Heilt eventyrlig med Kath og Kanel

Kath og Kanel er eit ensemble som likar å leike. Ei gruppe vaksne musikantar som i ord og tonar tek deg med til ein stad du aldri har vore før, og som du alltid sidan vil lengte attende til. Du kan lene deg tilbake i stolen og høre om konditoren som likar fine jenter og søte kaker. Om gravsongaren som syng meir enn han hadde godt av. Om stjernekikkaren som ikkje trudde sine eigne øyre. Du vil gli inn i augneblinkar av musikalsk magi. Kjenne tonar som legg seg rundt deg som kirsebærblomar ein vindfull vårdag.

Billetter kr 170,- kjøpes i døra.