“Alle har en liten dør bak øret” – Episode 2

“Andre Verdensrom”
– Eg har ein himmel inni tanken min –

(Etter gledeleg stor pågang på framsyninga av 1. episode legg me opp til to framsyningar av 2. episode, kl 13 og kl 14!)

“Alle har en liten dør bak øret” er ein teaterserie i 8 episoder for barn frå 2 år, basert på ny norsk poesi. Musikar og komponist Annlaug Børsheim og skodespelar Vibeke Flesland Havre har laga eit poetisk univers fullt av undring for barn i alle aldrar.

2.episode har tittelen “Andre Verdensrom”. I denne episoden møter me grisen som drøymer om å sjå opp på stjernene. Visste du at det er fysisk umogleg for grisar å sjå opp på himmelen? Katten går ute om natta og lurer på kva stjerner gjer om dagen. Finns det andre verdsrom? Visste du at eg har ein himmel inni tanken min?

I denne episoden møter me dikt av forfattarane Gro Dahle, Per Olav Kaldestad, Christian Løchstøer og Ragnar Hovland.