Alle har en liten dør bak øret – Episode 4: Storm i hodet

“Alle har en liten dør bak øret” er ein teaterserie i 8 episodar for barn frå 2 år, basert på ny norsk poesi. Musikar og komponist Annlaug Børsheim og skodespelar Vibeke Flesland Havre har laga eit poetisk univers fullt av undring for barn i alle aldrar. Episodane er enkeltståande så ein treng ikkje å ha sett tidlegare episodar for å sjå dei neste episodane.

4.episode har tittelen “Storm i hodet”. I denne episoden møter me hunden som har ein storm i hovudet, ein heilt forferdelig vind som bles tankane bort. Og katten lurar på kva ho skal gjere med ein så sinna hund.

Så går de en tur,
katten og hunden,
for alle trenger litt luft i hodet,
litt vind i tankene,
litt fugler i håret,
litt granbar i pelsen,
litt gress under foten
og en venn som forstår det meste.
(Gro Dahle)

I denne episoden møter me dikt av forfattarane Gro Dahle, Per Olav Kaldestad, Christian Løchstøer og Ruth Lillegraven.