Slippefest for Marianegropen

Vi feirer lanseringa av MARIANEGROPEN, Ida Lødemel Tvedts 360-siders essay om litteratur og kulturkritikk, syndebukkar og bimbo-etikk, kakerlakkar og komikarar. Ettersom debutboka begynner på Laksevåg i Bergen, ruslande mellom Puddefjorden og Løvstakken, må den sjølvsagt bli lansert i vannkanten, på Cornerteateret. Vi feirer med opplesingar av forfattaren sjølv, Ida Lødemel Tvedt, samt Lars Svisdal, Susanne Christensen og Marit Eikemo. Det blir musikk av Vilde Tuv, og dansing inn i natta med DJ Simon Critchley. Kanskje dukker det opp ein akrobat, kanskje andre overraskingar — uansett skal vi danse og drikke som sjølvlysande amøber i Marianegropen.