Superhappy på 50 minutt

Korleis Bli SuperHappy på 50 Minutt? Ei humorframsyning om sjølvhjelp og sjølvmord

I Korleis Bli SuperHappy på 50 Minutt spelar Ingvild seg sjølv. Eller spelar ho eigentleg ein annan? Kven er ho eigentleg? I forsøket på å bli den beste utgåva av seg sjølv, har ho kanskje eigentleg vorten den beste utgåva av nokon andre. Og vil ho eigentleg ha ein rød Ferrari eller er det Egoet hennar som ønskjer seg det? I denne framsyninga tek Ingvild eit oppgjør ned sin «Evil Twin», og testar ut forskjellige metodar i håp om å bli superhappy. Vi skal ikkje kimse av «veskelykke», men er det kanskje først i møte med døden vi lærer å setje pris på livet?

Skodespelar og opphavskvinne: Ingvild Lien

Regi og manus: Vibeke Flesland Havre

Ein samarbeidsproduksjon med Haugesund Teater.

Framsyninga er også støtta av Fritt Ord.