Thomas Digervold blir ny dagleg leiar på Cornerteateret

Thomas Digervold (f. 1984) har femten års erfaring og solid kompetanse frå kulturproduksjon, promotering og marknadsføring. No blir han ny…

Thomas Digervold (f. 1984) har femten års erfaring og solid kompetanse frå kulturproduksjon, promotering og marknadsføring. No blir han ny dagleg leiar på Cornerteateret.

Digervold har ein samansett og spennande bakgrunn som kulturarbeidar og gründer. Han har arbeidd med organisering og arrangering av ei rekke arrangement og festivalar, booking, management, marknadsføring og profilering. Etter fleire år har han solid kjennskap til og nettverk i kulturlivet i Bergen. Han er for tida tilsett som profileringskoordinator i Festspillene i Bergen, og har tidlegare vore tilknytta både Vill Vill Vest, Hulen, BergenFest, Apollon Platebar og Ekkofestivalen. Digervold er også initiativtakar og eigar av gründerføretaket «Fest i kjeften».


Styret i Teaterdrift er svært fornøgd med tilsettinga av Thomas Digervold, som dei meiner vil bidra til å utvikle Cornerteateret vidare:


–Cornerteateret er framleis eit ungt teaterhus i Bergen, og dei siste tre åra har administrasjonen  arbeidd hardt for å synleggjere huset, spisse profilen og sikre dei økonomiske føresetnadene for vidare drift. Thomas Digervold har unik oversikt over kulturlivet i Bergen, allsidig kompetanse, kreativitet og engasjement som gjer han svært godt eigna til å styrke og utvikle Cornerteateret vidare, seier styreleiar Pål. W Lorentzen. 

Thomas Digervold ser fram til å å videreføre Cornerteateret:

— Arbeidet som har blitt gjort dei siste tre åra har sikra Cornerteateret ein sentral plass i Bergens frie kulturliv og ikkje minst skapt ein viktig arena for lokalmiljøet på Møhlenpris.

Akkurat no er vi i ein vanskelig situasjon for alle som driv med kultur, men vi kan ikkje gjere anna enn å planlegge langt fram i tid og glede oss til at kunst og kultur igjen skal få berike kvardagen vår.

Thomas Digervold er ein erfaren kulturarbeidar med allsidig bakgrunn frå kulturlivet i Bergen, Oslo og Tromsø.

Eg tar med stor respekt over rollen etter Marit Eikemo, som har gjort ein fantastisk innsats for det grønne huset på Møhlenpris. Eg gler meg til å få jobbe med og lære av henne i overgangsperioden og ønsker henne lykke til i spennande ny jobb.

Thomas Digervold tiltrer stillinga frå 1. august 2020.

Noverande dagleg leiar, Marit Eikemo, sluttar i stillinga for å byrje som kunstnarisk rådgjevar i Norsk Litteraturfestival på Lillehammer.

Alle forestillinger på Cornerteateret er avlyst inntil videre

11. mars 2020

På grunn av Koronaviruset stenger Cornerteateret teatersalene. Alle forestillinger blir derfor avlyst inntil videre. Også Cornerbaren holdes stengt.

- Les mer

Cornerteateret søker ny daglig leder

27. januar 2020

Daglig leder avslutter sitt engasjement for Cornerteateret for å begynne i ny stilling, og vi søker hennes etterfølger til en…

- Les mer

Cornerstone & Cornerteateret

15. februar 2019

Cornerstone jobber for å fremme kunnskap og interesse for de mange ulike formene for tekst som dagens teater rommer. Gjennom forestillinger,…

- Les mer