Tilbake til alle arrangementer

Den skamfulle - Frontlosjen 2022

  • Kongesalen, Cornerteateret 4 Kong Christian Frederiks Plass Bergen, Vestland, 5006 Norway (kart)

Du er på lokal disko i gymsalen. Det skal dansast. Du slår ut og opp med armane og dreg i gang dansen. Folk blir med. Gymsalen er no passe stor. Du kan blande deg inni skogen av folk og kjenne deg trygg. Men akk, det var berre ein fantasi. I verkelegheita står du urørleg, er 13 år og beveger deg berre inni kleda dine. Med stortåa fylgjer du takta inni skoen, ingen ser det.   

LÆR AV DEG SJENANSEN!
og alt vil bli bra.  

Inni kvar enkelt av oss lurer det ein lovbrytar, klar til å springe ut ved fyste anledning. Bli med oss inn i fridomens rike, eit velkonstruert luftslott fullt av grubleri og spørsmål om av-sjenering.


Dansarane Anna og Berit livar opp att forelda, stiv sjenanse. Dei utrykkjer seg gjennom eit detaljert formspråk som inneber både dans, skodespel, song, filosofi, historieforteljing, føredrag, optimaliseringsprosessar, sjølvhjelp og minner.

Om kunstnaren

Anna og Berit kjem frå Lærdal og dei har si profesjonelle utdanning som dansarar frå henholdsvis Kunsthøgskulen i Oslo og Balettakademien i Stockholm. Dette er det andre scenekunst-prosjektet dei skapar saman.

Rulletekst

Dans og koreografi: Berit Einemo Frøysland og Anna Einemo Frøysland
Co-produsent: Frontlosjefestivalen
Støtta av: Kulturrådet, FFUK, Fjelldansen koreografiske senter og Proscen
Ytre auge: Cecilie Lindeman Steen
Dramaturgisk vegleiing: Andrea Spreafico   

annafroysland.com
beritfroysland.com

Forrige
Forrige
24. februar

Gardening - Frontlosjen 2022

Neste
Neste
25. februar

Sometimes the directive may not work as planned - frontlosjen 2022