Tilbake til alle arrangementer

Foreningen for By og Bygd går over styr – ein slags julekonsert

Gled deg til ein julekonsert som både er nynorsk, americanisert, skeiv, litt anstendig og litt flørtete på ein gong. Og det kjem sjølvsagt overraskande kjendisgjester. Velkomen!

Billettsalet startar om ein augneblink! Folka våre er på saken

Foreningen for By og Bygd speler nynorsk country. Det er litt skeivt, litt streit, litt omsett og oftast sjølvskrive.

Bandnamnet har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då alt måtte være hemmeleg og diffust. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i.

Vokalist Jens Kihl er politisk kommentator i Bergens Tidende og har skrive boka "Dette er også Noreg" om å vitje alle kommunane i heile Noreg.

Helene Nilsen (song og gitar) er ei slags ukrona country-dronning frå Askøy i tillegg til å vere forskar på universitetet.

Endre Aasebø (gitarar og song) hadde ein periode sitt eige radioprogram, Kirketid, på NRK P3, og speler også i hundre andre band.

May Frida Bosch (trommer) kjem frå den rette sida av fjorden i Masfjorden og har delteke i Pokerfjes på TV2, der ho stakk av med tusenvis av kroner. May har vore ein del av musikkscena i Bergen i lang tid.

Hardangers eigen Lars Korff Lofthus speler kontrabass og korar. Han har spelt folkemusikk, kyrkjemusikk, rock, viser og pop, men hadde ikkje sett for seg å hamne i eit nynorsk countryband

Forrige
Forrige
2. desember

Juledryss 2021 - Av og med Teaterskolen for barn og unge!

Neste
Neste
5. desember

Marked: Jul på Marineholmen!