Tilbake til alle arrangementer

Knut Vaage & Ingela Øien – Medusa

PREMIERE PÅ TO NYE VERK AV KNUT VAAGE

I denne konserten dedikert til Ingela Øien vert fløyta satt innanfor ei elektronisk ramme. Vulkansk videokunst, overlappande tromboneopptak og ein boomblaster er nokre stikkord for konserten.

Gjensidig beundring og ei felles interesse for samtidsmusikken har ført til eit langvarig og omfattande samarbeid mellom komponist Knut Vaage og fløytist Ingela Øien. Konserten vert ein hyllest av dette samarbeidet!

Inspirert av den mytiske verda har komponisten skrive eit nytt verk til Øien med tittelen «Medusa». Monsteret Medusa er kjent frå den greske mytologien som den farlege kvinna som kunne gjera menneskjer om til stein med sitt slangehår. Dette er utgangspunkt for konserten, samt utvalte verk komponert spesielt til Øien i tidsrommet 1994-2023.*

PROGRAM
Tapt slag
Medusa (urpremiere)
Får eg likna deg (Noregspremiere)
Elektra II
multiMORF memoriam

BESETNING
Knut Vaage - komponist
Ingela Øien - C-fløyte, altfløyte, piccolo
Thorolf Thuestad - elektronikk
Owen Weaver - perkusjon
Ellen Røed - videokunst
Silje Grimstad - lysdesign

*Tapt slag, Medusa og Elektra II er skrive til og uroppført av Ingela Øien

Forrige
Forrige
17. februar

JØRGEN ENGEBRET

Neste
Neste
9. mars

ORD MOT ORD