Om barnegråt og menneske som treng i ei stadig våtare verd
Tora bur i byen med babyen sin, og verda er full av barnegråt. Inne, ute, over alt er det nokon som treng. Verda er full av menneske som treng henne, og ute regnar det. Utan stopp. I fjernsynet melder dei om fleire kraftige regnbyger på Vestlandet, og ute stig vatnet. Ingen voggesongar har varig effekt. Snart finst det gråt i alle kanalar. Barnet, radioen og laptopen. I leilegheita over, ute i gangen, nede på gata. Utanfor har folk byrja å samle seg, menneske som treng. Nærast umerkeleg vert dei fleire. Alle sluser er opne, Tora tek inn alt, og verda finn henne. Ho står i joggebukse, har ikkje fått dusja, og barnet treng ny bleie.
Kva skal ein gjere når det kjem så mykje regn at det vert vanskeleg å sjå, vanskeleg å tenkje, vanskeleg å bry seg om andre enn seg sjølv? MOT REGN handlar om ei mor og eit barn, om menneske som flyktar frå, om menneske som søkjer saman, om ei verd som vert våtere.
MOT REGN er eit av tre bidrag valt ut frå Cornerstone si opne utlysing til Bergen Dramatikkfestival 2022, der vi fekk inn over 60 ulike tekstar. Teksten vert presentert på festivalen i samarbeid med Det Vestnorske Teateret, i ein iscenesetting regissert av Eirik Fauske.
Kredittar
Tekst: Mari Hesjedal
Regi: Eirik Fauske
Skodespelarar: Dagny Backer Johnsen, Tor Christian Bleikli, Sigmund Njøs Hovind og Lina Taule Fjørtoft
Scenografisk bistand: Silje Sandodden Kise
Produksjon: Cornerstone & Det Vestnorske Teateret
Støtta av: Dramatikkens hus