Saman med Bergen Teaterforening og Bergens Tidende, går byens teaterhus saman om å løfte fram høgdepunkta frå 2021. Sjølv om pandemien kasta mørke skuggar over byens scenar og restriksjonar begrensa kapasiteten, ga dei medvirkande alt – uansett om det var 10, 20, 50 eller 200 i salen.
Prisane som skal delast ut er:
Pernillestatuetten: Vert delt ut av Bergen Teaterforening til ein scenekunstnar for ein stor prestasjon eller lang kunstnerisk innsats.
Rampeløkten: Vert delt ut av Bergen Teaterforening for årets mest spennande og nyskapande teaterprosjekt eller for aktivt arbeid innanfor teatermiljøet.
BTs kritikerpris: Bergens Tidendes ekspertjury kårar årets beste forestilling
BTs publikumspris: Stem på din favoritt på bt.no! Kvart teater har nominert ein kandidat hver.
Pernilleprisen er eit samarbeid mellom Bergen Teaterforening, Den Nationale Scene, Det Vestnorske Teateret, Fyllingsdalen Teater, Ole Bull Huset, Carte Blanche, BIT Teatergarasjen, Cornerteateret og Bergens Tidende. Støtta av Det dramatiske selskab.