Tilbake til alle arrangementer
Ragnar Hovland har spelt ukulele i femti år. I fleire tiår var han nesten åleine om dette, og han er svært glad for at Finn Tokvam har tatt opp denne fine tradisjonen.
Det blir det ein fin miks av kjende og ukjende songar. Og innimellom kjem Hovland og Tokvam til å samtale om dei Viktige Tinga. Ein skal vere forsiktig med å undervurdere musikaliteten til desse to karane.
Det burde vere nok å nemne Hovland sine vellukka innhopp som orgelvikar i Døvekyrkja i Stavanger, og at Tokvam i si tid blei rekna som ein av dei meir lovande aspirantane i Flåm Skulemusikk