Er du òg lei av timevis med skrubbing av golv, vasking, tørking av kjøkken- og baderomsflater og å rydda opp leikar, bøker og klede? Har du fått nok av å måtta bøya deg i alle retningar for å få vaska heime?
Å lage rot er enkelt, men å vaske og rydde opp er ei stor oppgåve som vi kanskje helst vil unngå.
Grensa mellom ei danseframsyning og eit sjølvhjelpskurs utfordrast når tre dansere set reingjeringsrutina under lupen. Ved å setja denne handlinga i fokus og vurdera viktigheita av ho, ønsker Clean bastards å hylla reinhaldarar og oss alle som bidrar til denne grunnleggande delen av samfunnet.
Om kunstnaren
Martijn Dirk Joling (f. 1991, Nederland) starta karrieren sin som rappar. Etter å ha vorte kjent med hiphop som rap og dansestil, bytte han fokus til samtidsdans/ performancekunst, studerte kreativ og kulturell framsyning ved Roc Amsterdam dance Academy, og vart uteksaminert med ein BA i moderne teaterdans frå Amsterdam University of the Arts. Martijn held til i Drøbak, og har som dansar jobba med fleire kjente koreografar.
Rulletekst
Koreografi: Martijn Joling
Utøvarar: Amy Pender, Carl Joseph Aquilizan, Yohei Hamada
Kostyme: Nanako Oizumi
Ytre øye: Geir Hytten
Co-produsert av: Bærum Kulturhus – Dans Sørøst-Norge, Sprang, Dansekunst i Østfold, Frontlosjefestivalen, Bergen Dansesenter, Østfold Internasjonale Teater
Støtta av: Kulturrådet