Tilbake til alle arrangementer

Krasjkrus i teknisk rider

  • Cornerteateret 4 Kong Christian Frederiks Plass Bergen, Vestland, 5006 Norway (kart)

Krasjkurs i teknisk rider med Sigri Hovde

Bli med teknikarane sitt svar på Indiana Jones i jakta på den perfekte rider! For eit fantastisk verktøy ein rider er! Sendar du alt det tekniske utstyret du treng til framsyninga di, kan du komme til dekka bord! Eller synast du rideren er så vanskelig å desifrere at all prøvetid går med på å fikse linninga på sceneteppet?

Kva er eigentleg ein rider? Og korleis lagar eg den? Det er lett å gå seg vill i fremmedord som ‘stage plot’, ‘vanleg vask’, ‘equalizer’ og ‘backline’.

Lydteknikkar Sigri Hovde turnerar verda rundt med popunikumet Sigrid. Ho har brei erfaring med å koordinere med arrangørar og å formidle kva dei treng av tekniske duppedittar. Dette er ikkje eit kurs i korleis skrive ‘berre gule nonstop’, her får du all info du - og alle i bransjen vår - treng!

Kurset passar for kunstnarar, produsentar, teknikarar eller andre som jobbar med scenekunst.

Bindande påmelding

Forrige
Forrige
25. februar

Clean Bastards - Frontlosjen 2022

Neste
Neste
26. februar

Rita Løvetannhjarte - Frontlosjen 2022